Mat

Sitla hotel samarbeider med Tya Bakeri i Øvre Årdal og Klingenberg hotel på Årdalstangen når det kjem til mat. På Tya Bakeri i Øvre Årdal er det mogleg å kjøpa seg kortreiste bakevarer og lunsj, eller ein kan bestilla catering, medan ein på Årdalstangen finn eit breitt mattilbod på Strondi restaurant, kafe og bar. Tya Bakeri ligg i tilknyting til Årdalsenteret i gangavstand (5-10 minutt) frå Sitla hotel. Strondi restaurant ligg på Årdalstangen 10 minutts køyring unna - med flott utsikt over Årdalsfjorden frå uteserveringa. 

Ein kan også få matservering i somarsesongen på Vetti Gard Turiststasjon - dersom ein blir svolten i løpet av vandringa innover Folkevegen mot Vettisfossen. Vetti Gard Turiststasjon er betjent frå medio juni til medio september kvart år, og er ei oppleving ein verkeleg bør få med seg dersom ein er i Årdal.

Andre mattilbod i Årdal:

Mama Mia i Øvre Årdal (5 min gange)

Veekiosken (2 min gange)

Somarkafè ved Utladalen Naturhus frå skuleslutt kvart år