Eit hyggeleg og rimeleg alternativ

Sitla Hotel ligg sentralt plassert i Øvre Årdal. I koselege omgjevnader og til ein hyggeleg pris tilbyr me overnatting til deg som er på gjennomreise eller som vil bu sentralt nokre dagar for å oppleva Årdal. Til grupper serverer me frukost og middag. Hotellet er eit ypparleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen eller i området rundt Sognefjorden. Her finst også ei mengd flotte turstiar og opplevingar i nærområdet, mellom anna Vettisfossen og Tindevegen. Sitla hotel er eit godt alternativ for deg som er interessert i landevegssykling, pga plasseringa midt mellom Tindevegen på eine sida og vegen over Tyin på den andre. I Årdal er tilhøva for fiske også svært gode. 

Me tilbyr også langtidsopphald for yrkesreisande eller andre som skal opphalde seg i Årdal i kortare eller lengre periodar.

VELKOMMEN TIL ØVRE ÅRDAL OG SITLA HOTEL.

Rom

Rom

Langtidsopphold

Langtidsopphold

aktiviteter

aktiviteter

Galleri