aktivitetar

Årdal er ein stad prega av store kontrastar. I Årdal går Sognefjorden på land og møter Jotunheimen. Avstanden frå fjorden til fjellet er kort, og avstanden mellom fjordlandskapet og det alpine høgfjellet er berre 20 km. I Årdal finn ein lune furu- og lauvskogar, idylliske dalføre og dramatisk fjellandskap side om side. Kontrastane i landskapet gjer at det også er stor variasjon når det kjem til opplevingar og aktivitetar. I Årdal kan ein oppleva turar i verdsklasse berre ved å ta beina fatt, ein kan sykla milevis innover fjellet på eit nettverk av anleggsvegar, ein kan gå på ski og stå på ski, sykla nedover og oppover, klatra og gå på bre, padla kajakk både på fjorden, vatnet og i elvene, fiska etter laks og aure eller heilt enkelt gå korte turar til flotte utsynspunkt, eta god mat og slappa av nede i bygda. Om somaren er Årdal godt tilrettelagd for barnefamiliar med handelssenter, kino, utebasseng, bibliotek og lett tilgjengelege naturopplevingar rett utanfor døra.