Om Sitla Hotel

Sitla Hotel ligg sentralt i Øvre Årdal med kort avstand til naturperler som Utladalen Landskapsvernområde, Vettisfossen og Jotunheimen Nasjonalpark, og er dermed eit ypparleg utgangspunkt for turar i fjellet.

Det er fleire moglegheiter for overnatting på Sitla hotel: miniapartments, rom med dusj/toalett samt kjøkken, rom med dusj/ toalett i korridoren eller hotellromstandard med deilig dobbelseng med dusj/ toalett på rommet. Det er to felleskjøkken der du kan lage din eigen mat.

Innsjekk og betaling er sjølvbetjent. For booking ring 57665800. 

  • Hotellet har:
  • 4 miniapartement à 3 senger
  • 7 rom à 2 senger
  • 8 enkeltrom
  • 7 enkeltrom (dusj og wc i korridor)
  • 1 spisesal
  • 1 salong / bibliotek
  • 2 felleskjøken
  • 1 hovudkjøken

Litt kort historie

Sitla hotel har hatt ulike rollar opp gjennom. I starten fungerte det som i dag er Sitla hotel som ein ungdomsheim. På dette tidspunktet fanst det inga kyrkje i Øvre Årdal, så kjellaren på Sitla fungerte som kyrkje i Øvre Årdal nokre år. 

I 1970 vart Farnes kyrkje bygd, og det som ein gong hadde fungert som kyrkje på Sitla vart no gjort om til uteplassen "Slusken". Slusken er eit lokalt tilnamn på rallarane - dei som arbeidde med å laga den imponerande gamlevegen oppover fjellet mot Heirsnosi i Årdal. Denne vegen kan du gå også frå Sitla hotel i dag, og er ein fin tur for deg som vil opp på "Tusenmeteren" og sjå kor flott bygda, Årdalsvatnet og Bøttejuvet tek seg ut i fugleperspektiv.

Uteplassen eksisterte berre nokre år, og sidan har ulike lag og organisasjonar disponert lokala til ulike føremål. I dag er Sitla eit sjølvbetjent hotel med god standard og ulike romkategoriar som passar ulike behov - både for langtidsopphald og korttidsopphald. 

 Kjelde: allkunne.no

Kjelde: allkunne.no