Eit hyggeleg og rimeleg alternativ

Sitla Hotel ligg sentralt plassert i Øvre Årdal. I koselege omgjevnader og til ein hyggeleg pris tilbyr me ulike løysingar for overnatting og leverer frukost etter avtale. For dei som vil halda seg sjølv med frukost ligg tilhøva godt til rette for sjølvhushald. Hotellet er eit ypparleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen eller i området rundt Sognefjorden. Her finst også ei mengd flotte turstiar og opplevingar i nærområdet, mellom anna Vettisfossen og Tindevegen. Sitla hotel er eit godt alternativ for deg som er interessert i landevegssykling, pga plasseringa midt mellom Tindevegen på eine sida og vegen over Tyin på den andre. I Årdal er tilhøva for fiske også svært gode. 

Me tilbyr også langtidsopphald for yrkesreisande eller andre som skal opphalde seg i Årdal i kortare eller lengre periodar.

VELKOMMEN TIL ØVRE ÅRDAL OG SITLA HOTEL.

Rom

Rom

Langtidsopphold

Langtidsopphold

aktiviteter

aktiviteter

Galleri